Korleis få støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen.

Kven kan søke om å få støttekontakt?

  • Barn, unge, vaksne og eldre i ein vanskeleg livssituasjon.
  • Funksjonshemma som ønskjer hjelp/assistanse i samband  med ulike aktivitetar i fritida. 
  • Familiar med samansette problem.
  • Personar med eit rusproblem.

Mål for tenesta

Målsettinga for støttekontakttenesta er å hjelpe den enkelte til å få ei aktiv og meiningsfylt fritid. Gjennom samvær og aktivitet kan ein støttekontakt/fritidskontakt bidra til å auke tenestemottakaren si evne til å utfalde seg, meistre ulike livssituasjonar, auke trua på seg sjølv og bli kjend med nye menneske og miljø.

Korleis søkje?

  • Fyll ut søknadsskjema
    (Skjema finn du øvst oppe i artikkelen)
     
  • Send søknaden til:
    Haram kommune
    Sosialtenesta
    Storgata 19
    6270 Brattvåg

Pris

Tenesta er gratis. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten. Støttekontakten får løn frå kommunen.

Sist endra 27.10.2016

Kontaktpersonar

Hege Melkvik

Telefon : 482 37 410
E-post : Send e-post

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post