Demensteam

Kommunen sitt demensteam arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samveret med personar som er råka av demens. Å ta kontakt med demensteamet er eit uforpliktande lavterskeltilbod som er gratis. Henvising er ikkje nødvendig, og både enkeltpersonar, pårørande/vener og helsepersonell kan ta direkte kontakt.

Kva kan demensteamet tilby?

  • Kartleggings- og utredningssamtale med pasient og pårørande.
  • Oppfølging av pasient og pårørande
  • Pårørandegruppe 
  • Gi informasjon om sjukdommen demens.
  • Informasjon og hjelp til å søkje på kommunen sine tilbod.
  • Rettleiing til pårørande og helsepersonell.
  • Søkje etter aktuelle hjelpemiddel 

Kvar og når finn du oss?

 
►Kontortid: Kvar onsdag (08.00 - 15.30)
►Telefon: 48 27 11 40
►Besøksadresse: Eidet omsorgssenter,
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord

Teamet kan også kontaktast via heimebasert omsorg eller servicetorget.

Sist endra 08.11.2018

Kontaktpersonar

Demensteamet i Haram

Telefon : 482 71 140
E-post : Send e-post