Folkehelse

Folkehelse omhandlar fleire faktorar som er med på å påvirke helsa di, som mellom anna drikkevatn, innemiljø , ernæring, tilgang på turstiar, strålevern, helsetenester osb. 

Kommunen si oppgåve er å fremje folkehelse innan ulike oppgåver og med dei verkemidla kommunen vert tillagt, derunder ved lokal utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting.

Haram kommune har sidan 2004 vore med i partnerskapet God helse Møre og Romsdal for å utvikle eit godt og langsiktig folkehelsearbeid.

Haram kommune sine prioriterte satsingsområde innanfor folkehelse:

  • Tiltak som fremjer integrering
  • Tiltak som er retta mot førebygging og tidleg intervensjon med tanke på livsstilssjukdommar
  • Tiltak som skaper god helse hos eldre i dag og komande eldre

Folkehelsekoordinator

Folkehelsekoordinatoren arbeider både med forankring av folkehelsearbeidet i kommunen og dels med konkrete tiltak, koordinerer, legg til rette og initierer innsats, samt bidreg med kartlegging av helsetilstanden i befolkinga.

Sist endra 09.12.2016

Kontaktpersonar

Ida Kristine Vollan Wisth

Folkehelsekoordinator
Telefon : 70207460/90364251
E-post : Send e-post