Fysio- og ergoterapi

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av helsetenesta i Haram kommune og er samansett av:

  • Kommunalt tilsett ergoterapeut
  • Kommunalt tilsette fysioterapeutar
  • Privatpraktiserande fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot

 

Fysio- og ergoterapitenesta tilbyr tenester til menneske i alle aldrar, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsnedsettingar eller andre livsendringar kan ha vanskar med å meistre eigen kvardag.

Fordelinga mellom dei kommunalt tilsette fysioterapeutane og dei privatpraktiserande med kommunalt driftstilskot, er i hovudsak slik at dei som kan greie å komme seg til privatpraktiserande fysioterapeut, må gjere dette. Dei kommunalt tilsette fysioterapeutane og ergoterapeuten har ansvar for dei som treng oppfølging i heimen, på institusjon eller i barnehage og på skule.

 

Sist endra 07.11.2016