Ergoterapitenesta i Haram

Ergoterapi handlar om å hjelpe menneske til å meistre kvardagsaktivitetar ut frå eigne føresetnader. Den kommunale ergoterapeuten hjelper den som har ei funksjonshemming med tilrettelegging i kvardagen; daglege gjeremål, trening, hjelpemiddel eller andre tilpassingar.

Kva kan tenesta tilby?

Ergoterapeuten kan mellom anna hjelpe til med:

  • Funksjonsvurdering og eventuelt funksjonstrening etter tilvising frå lege, brukar sjølv eller andre samarbeidspartnarar 
  • ADL-trening (Aktivitetar i DaglegLivet) 
  • Vurdering av hjelpemiddelbehov og tilrettelegging av tekniske hjelpemiddel i heim, skule/skulefritidsordning, barnehage og fritid 
  • Opplæring, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel 
  • Råd og rettleiing i forhold til utføring av aktivitetar i dagleglivet 
  • Vere kontaktperson i forhold til Hjelpemiddelsentralen i fylket  

Kven kan få tilbod om ergoterapi?

Ergoterapi er eit tilbod til menneske i alle aldrar og livsfasar som av ulike grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar, eller som står i fare for å få det. 

Tenesta er eit tilbod til personar som bur eller oppheld seg i kommunen - både heimebuande og personar som bur eller mellombels oppheld seg i institusjon

Korleis søkje?

Henvising til ergoterapitenesta skjer vanlegvis gjennom helsepersonell, institusjon, fysioterapeut, skule/PPT osv, men brukar kan også sjølv ta direkte kontakt med tenesta per telefon ved behov for ergoterapivurdering.

Sist endra 03.07.2017

Kontaktpersonar

Kristin Molt Korsnes

Einingsleiar - Helsetenester
Telefon : 70207681/48272159
E-post : Send e-post

Synnøve Olsen

Kommuneergoterapeut
Telefon : 70207664/99264541
E-post : Send e-post