Habilitering/rehabilitering

Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensa, planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel, der fleire aktørar arbeider saman for å gi nødvendig hjelp til brukaren sin eigen innsats slik at han/ho kan oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstendigheit og deltaking både sosialt og i samfunnet. 

Kven kan ha behov for habilitering/rehabilitering?

  • Personar som på grunn av skade eller sjukdom har hatt eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivet
  • Personar med gradvis fall i funksjonevne over lengre tid
  • Personar med kroniske sjukdommar
  • Personar med medfødt funksjonssvikt
  • Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem
  • Personar som treng hjelp til å planleggje nye situasjonar i livet, til dømes overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv eller ved ny busituasjon
Sist endra 08.11.2016