Koordinerande eining

Koordinerande eining er ein instans der brukarar med behov for habilitering / rehabilitering og behov for to eller fleire tenester, kan vende seg.

Koordinerande eining sine oppgåver

  • Gjere vedtak om Individuell plan
  • Tildele brukarkoordinator
  • Sikre at dei tenestene du får fungerer i lag
  • Vere eit knutepunkt for samarbeid mellom kommunen og dei statlege institusjonane

Mål for tenesta

Koordinerande eining skal kunne hjelpe deg som brukar med:

  • å ha oversikt over tenester og tilbod i kommunen
  • å formidle kontakt til den som er aktuell for deg
  • å vere ein stad å vende seg for deg som tek imot tenester, og/eller hjelp frå  tenesteytarar eller samarbeidspartnarar
  • at du får vere med å bestemme kva som er best for deg

 

 

Sist endra 27.03.2018