Helsestasjonteneste 0-6 år

Alle barn som bur i kommunen vår får oppfølging av Haram helsestasjon. 
Helsestasjonen gir mellom anna tilbod om:

  • Heimebesøk til nyfødde
  • Regelmessige helseundersøkingar av barnet, utført av helsesøster og lege.
  • Oppfølging av barnet si utvikling (vekst, bevegelse, språk og  psykososialt)
  • Rettleiing og rådgiving om f.eks. søvn, ernæring, samspel og åtferd hos barnet
  • Ulykkesførebygging
  • Vaksinasjon av barnet i samsvar med vaksinasjonsprogrammet
  • Henvising til andre kommunale tenester eller spesialistar ved behov

Her finn du oss

 
Avdeling Plassering Opningstid
Brattvåg (hovudkontor) Storgata 19, Brattvåg (2.etasje i Rådhuset) Alle dagar 08.30 - 15.30
Haramsøy Helsehuset på Austnes Måndag 08.45 - 11:30
Vatne Vatne sentrum v/ småbåthamna Onsdag 08.00 - 15.50
Lepsøy Helsehuset på Kjerstad Første torsdag kvar månad 10.00 - 12.00
 
 

Faste kontrollar for barn 0-6 år ved Haram helsestasjon

Ved dei faste kontrollane måler vi lengde og vekt, undersøkjer barnet si utvikling, gjev råd og svarer på alle typar spørsmål.
  • 0-2 veker, helsesøster kjem på heimebesøk
  • 2-4 veker 
  • 6 veker
  • 2, 3, 4, 5 og 6 månader
  • 8 månader
  • 10 månader
  • 12 månader
  • 15 månader
  • 17-18 månader
  • 2 år
  • 4 år 
  • 5-6 år (førskulekontroll)

Alle barn blir undersøkt av lege ved desse kontrollane:

  • 6 veker
  • 6 månader
  • 1 år
  • 2 år
  • 5-6 år (førskulekontroll)
 
Du vil få innkalling til undersøkinga i posten.
Ein kan også sjølv ta kontakt ved behov utover faste konsultasjonar. 
Sist endra 10.01.2017

Kontaktpersonar

Helsestasjon Brattvåg

Telefon : 70207666/70207500

Helsestasjon Haramsøy

Telefon : 70217929/70207500

Helsestasjon Lepsøy

Telefon : 47865304/70207500

Helsestasjon Vatne

Telefon : 70 21 30 30

Sonja Beate Alvestad

Fagansvarleg for helsestasjonteneste 0-6 år
Telefon : 916 38 866
E-post : Send e-post