Hjelp i heimen

Hjelp i heimen er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng hjelp på ulike måtar. Under finn du ei oversikt over ulike tenester som kommunen kan tilby.                             

  • Heimesjukepleie / helsehjelp:
    Hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur i eigen bustad
     
  • Heimehjelp / praktisk bistand og opplæring:
    Eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker
     
  • Kvardagsrehabilitering:
    Eit tilbod til deg som ønskjer å vere aktiv og bu i eigen bustad, og som har eit rehabiliteringspotensiale.
     
  • Tryggleiksskapande tiltak:
    Til dømes bruk av velferdsteknologi og anna varslingssystem som tryggleiksalarm
     
  • Brukarstyrt personleg assistent (BPA):
    Om du har ei funksjonsnedsetting og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). 
     
  • Omsorgsløn:
    Blir gitt til privatpersonar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Målet er at familien kan fortsette å ha omsorg for sine næraste
     
  • Hjelpemiddel:
    Utlån av hjelpemiddel er eit tilbod til personar som grunna sjukdom eller nedsett helse kan ha nytte av hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål, og for å kunne vere meir sjølvstendig i eige liv.
    >>> Her finn du  meir informasjon om utlån av hjelpemiddel  
     

 

 
Sist endra 08.11.2018

Kontaktpersonar

Tildelingskontoret i Haram

Telefon : 47711173/47711290
E-post : Send e-post