Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått den tenesta du meiner du har krav på
  • forhold ved tenesta du ikkje er fornøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • sakshandsaminga

Klage på vedtaket

Har du fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dettevert kalla ein rettigheitsklage. Ein rettigheitsklage skal sendast til den som har fatta vedtaket i Haram kommune;

Haram kommune
ev. eining/sakshandsamar

Storgata 19, 6270 Brattvåg

Vi går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Om vedtaket ikkje vert endra etter handsaming vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Møre og Romsdal som avgjer saka. 

Klage på tenesta

Om du er misnøgd med ei helseteneste du får, bør du først vende deg muntleg eller skriftleg til avdelingsleiar / einingsleiar. Ver tydeleg på kva du er misnøgd med og kva du ønskjer å endre. 
 
Når dei som utfører tenesta får klagen din, må dei undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klagen fram, må du sjølv sende ein skriftleg klage til Fylkesmannen som gjer ei vurdering av saka.
 
 
Får du medhald i klagen kan Fylkesmannen starte ei tilsynssak. Avdekker dei feil må desse utbetrast. Får du ikkje medhald frå Fylkesmannen er neste klageinstans Sivilombodsmannen.
 

Hjelp til å klage

Treng du hjelp til å klage, kan du ta kontakt med Haram kommune, tlf. 70 20 75 00.
 
Du kan også ta kontakt med Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal. Dei hjelper deg med spørsmål om helsetenester og gir råd og rettleiing om rettar du har som pasient. 
 
Sist endra 31.10.2016

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post