Kreftkoordinator

Kommunen sin kreftkoordinator skal vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar, for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle i Haram kommune. Koordinatoren kan vere eit bindeledd mellom helseføretaka og kommunen.

Kreftkoordinatoren kan bidra med:

  • Samtalar, råd og rettleiing til pasientar i alle fasar av behandling, og til pårørande
  • Gi oversikt over, og samordne relevante tilbod og tenester
  • Undervisning, råd og rettleiing til helsepersonell

Kvar finn du oss?

Kontoret vårt ligg i 4. etasje i Haram omsorgssenter (Brattvåggata 20 i Brattvåg)
 
Kontortid: Tirsdag, onsdag og torsdag (08.00 - 15.30)
 
Det kan takast direkte kontakt på e-post eller på telefon på kontordagane. Ein kan også bli henvist frå lege eller sjukepleiar.
 
Sist endra 08.11.2018

Kontaktpersonar

Kreftkoordinator i Haram

Telefon : 90786119/48242850
E-post : Send e-post