Kvardagsrehabilitering

Kvardagsreabilitering er eit tilbod til deg som ønskjer å vere aktiv og bu i eigen bustad, og som har eit rehabiliteringspotensiale. 

Målgruppe

  • Du som ønskjer å bo heime og har klart deg med liten/ingen hjelp frå heimbasert omsorg.
  • Du som ønskjer og er motivert til å klare deg sjølv.
  • Du som opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade/operasjon, eller som opplever eit brått fall i funksjonsnivå.
  • Du som opplever nedsett funksjon eller fare for å miste funksjon. 

Korleis arbeider vi?

Vårt arbeid startar med spørsmålet «Kva er viktig i livet ditt no?». Vi jobbar saman med deg i ein intensiv periode der du skal oppleve auka meistringsfølelse og livskvalitet.  

Teamet vårt består av

  • prosjektleiar/fysioterapeut
  • sjukepleiar/hjelpepleiar
  • heimetrenarar 

Vi vil trene saman med deg og fokusere på å nå dei måla du meiner er viktig for at du skal klare å meistre kvardagen heime. Treninga vil føregå i bustaden din eller i ditt nærmiljø.

Eksempel på daglege aktivitetar/mål: 
  • Hente avisa
  • Gå i trapper
  • Lage middag

Korleis kan eg få denne tenesta?

Du må søkje om kvardagsrehabilitering gjennom Tildelingskontoret. Lenke til søknadsskjema finn du her:

Søk om kvardagsrehabilitering




For meir informasjon om tenesta kan du sjå brosjyra vår her:

>>>> Informasjonsbrosjyre om Kvardagsrehabilitering

Du er også velkomen til å kontaktet teamet direkte på telefon eller e-post, kontaktinformasjon finn du i menyen til høgre.

 

 

 

Sist endra 08.11.2018

Kontaktpersonar

Leiar for Kvardagsrehabiliteringa

Telefon : 482 26 950
E-post : Send e-post

Tildelingskontoret i Haram

Telefon : 47711173/47711290
E-post : Send e-post