Finne og byte fastlege

   
Trykk her for å finne og bytte fastlege på nett

Du kan berre velje mellom legar som har ledig kapasitet. Det er diverre ikkje mogleg å setje seg på venteliste. 
 
Du kan òg ringe HELFO på telefon 800 43 573. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer.
 
Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg, så sant legen har ledig kapasitet. Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege.
 

Om fastlegeordninga

Alle som bur i Noreg har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege.
 
Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga.  Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.
 
Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga.
  • Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. 
  • Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel.
  • Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt.
  • Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.
  • Du kan skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.
 
Dersom du flytter frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Du får eit brev frå Nav/HELFO om fastlegar som har ledig plass på lista i kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hos den fastlegen du allereie har.
 

Pris
Du betaler eigendel.

 
Sist endra 28.11.2016