Psykiatritenesta

Ofte er det fleire og samansatte årsaker til at nokon utviklar psykiske plager og lidingar, og det kan ramme mange. Det kan vere kriser som dødsfall og ulukker, eller at ein er i en vanskeleg situasjon som gjer at psykiske plager oppstår.

Målsetting med tenesta

  • Hjelp til gode levekår og livskvalitet for innbyggjarane i kommunen
  • Å bidra til å fremje den enkelte si oppleving av sjølvstende og å høyre til, og styrke evna til å meistre eige liv.
  • Bidra til å førebygge at risikoutsette utviklar psykiske lidingar.
     

Kven kan få hjelp?

  • Personar med akutte behov i ein tidsavgrensa periode
  • Personar med psykisk liding som over tid treng bistand til å meistre livet sitt.

Pris

Tenesta er gratis

Sist endra 22.09.2016

Kontaktpersonar

Kristin Molt Korsnes

Einingsleiar - Helsetenester
Telefon : 70207681/48272159
E-post : Send e-post