Tilbod for barn som pårørande

Mange barn og unge lever med foreldre som har psykiske problem, rusmiddelavhengighet, alvorlig somatisk sjukdom eller skade. 

Å leve med sjukdom eller endring i livssituasjon kan vere utfordrande for familien, og verke inn på barna sin kvardag. I 2010 fekk barn som pårørande eigne rettar gjennom Helsepersonellova § 10 A.
Denne lova gir helsepersonell i oppgåve å avklare om brukarar av helsetenestene har barn, og å kartleggje barna sine behov for informasjon og oppfølging.
 
Som ein del av arbeidet med barn som pårørande vil foreldre med barn i målgruppa kunne få tilbod om å delta i BAPP-gruppe gjennom Ressursbasen. Du finn meir informasjon om BAPP-gruppe og Ressursbasen elles ved å trykke på  menypunktet over
 

Korleis søkje om tenesta?

Foreldre/føresette kan henvende seg direkte via vårt kontaktskjema som ligg øvst i artikkelen. Ein kan også henvende seg via helsestasjonen eller andre tenester som dei er i kontakt med. 

 

 

 

Sist endra 23.06.2017