Butilbod- støtte i kvardagen, Dalebu bustader

Dalebu bustader er eit butilbod og base for miljøpersonale. Personalgruppa er tverrfagleg samansett av sjukepleiar, sosionom, omsorgsarbeidar og hjelpepleiarar, og bemanninga er døgnkontinuerleg.

Miljøpersonalet reiser og heim til personar som er busett andre stader på fastlandet.

 

 

Kven er tilbodet for?

Dalebu bustader er eit tilbod for personar som treng tett psykiatrisk oppfølging for å kunne bu i eigen bustad.

Kva tilbyr vi i tenesta?

Det er utarbeidd planar for tilbodet til den enkelte brukar, og miljøpersonalet går heim til brukarane til avtalte tider og gjer oppgåver saman med dei
  • Basisen i arbeidet er opplæring og målretta miljøarbeid - hjelp til sjølvhjelp og meistring
  • Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad, sjølvstendiggjering og deltaking
  • Påminning, motivering og rettleiing i kosthald, dagleg hygiene,  reinhald og stell av bustad
  • Motivering, rettleiing og hjelp til sosiale aktivitetar
  • Butrening
  • Opplæring i daglege aktivitetar / gjeremål
Det er nært samarbeid med andre tenester og instansar, dette er avgjerande for å koordinere tenester t.d. arbeidssituasjon og økonomi. I samband med administrering og oppfølging av medisin er det tett samarbeid med fastlegen.
 

 

 

Sist endra 19.10.2016

Kontaktpersonar

Kristin Molt Korsnes

Einingsleiar - Helsetenester
Telefon : 70207681/48272159
E-post : Send e-post

Therese Giske Søvik

Leiar - Dalebu bustader
Telefon : 70 20 93 12
E-post : Send e-post