Individualsamtalar

Individualsamtalar er ei teneste med tilbod om behandling og oppfølging av ein spesialsjukepleiar/spesialsosionom som har vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Det vert lagt vekt på at den enkelte får individuelt tilpassa tilbod, som skal bidra til å auke sjølvkjensle og meistring av eige liv.

Kva kan vi tilby?

Hovudmålet til tenesta er hjelp til sjølvhjelp, med fokus på korleis ein kan løyse eigne problem.
Våre spesialsjukepleiarar/spesialsosionomar kan m.a. hjelpe med
  • Terapeutiske samtalar på vårt kontor eller heime hos brukaren:
    - Individuell behandling/ oppfølging
    - Kognitiv terapi
    - Oppfølging i treningssituasjonar i samband med tvangs- og angstlidingar eller depresjon    (eksponeringstrening)
    - Parsamtalar
     
  • Gje tilbod om ansvarsgruppe og individuell plan (IP) ved behov for koordinerte og samansette tenester
  • I samråd med brukar vere eit bindeledd i samarbeid med den enkelte sin fastlege, og ev sosialkontor, NAV, sjukehus og DPS.

Kven kan få tilbod om individualsamtale?

Vi gir tilbod til vaksne personar med psykiske vanskar eller lidingar, som treng hjelp i ein kortare periode eller over tid. Henvising kjem frå fastlege, eit av dei distriktspsykiatriske sentra (DPS), sjukehus eller andre instansar. Du kan sjølv også ta direkte kontakt med tenesta, men det er ynskjeleg med eit samarbeid med fastlege
 

Kvar finn du oss?

Kontoret vårt er lokalisert i Brattvåggata 19 i Brattvåg (i rådhuset, inngang via servicetorget).

Pris

Tenesta er gratis

Kontaktinformasjon

 
Namn Utdanning Mobil                              
Anita Øren Spesialsjukepleiar / fagansvarleg 906 10 619
Heidi A. Steinsbu Spesialsjukepleiar 951 75 624
Trude Krokset Auby Spesialsosionom 918 43 427
Elisabeth Bjørdal Leine Spesialsjukepleiar 994 70 103
Inger Johanne Sollie Hagen  Spesialsjukepleiar 905 88 381
Sist endra 06.02.2019

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post

Anita Øren

Fagansvarleg spes.sjukepleiar
Telefon : 906 10 619
E-post : Send e-post