Psykiatrisk sjukepleiar

Samtalar med ein psykiatrisk sjukepleiar er ei tiltaksretta teneste med tilbod om behandling og oppfølging. Det vert lagt vekt på at den enkelte får individuelt tilpassa tilbod, som skal bidra til å auke sjølvkjensle og meistring av eige liv.

Kva kan vi tilby?

Hovudmålet til tenesta er hjelp til sjølvhjelp, med fokus på korleis ein kan løyse eigne problem.
Dei psykiatriske sjukepleiarane kan m.a. hjelpe med
  • Terapeutiske samtalar på vårt kontor eller heime hos brukaren:
    - Individuell behandling/ oppfølging
    - Kognitiv terapi
    - Oppfølging i treningssituasjonar i samband med tvangs- og angstlidingar eller depresjon    (eksponeringstrening)
    - Parsamtalar
     
  • Gje tilbod om ansvarsgruppe og individuell plan (IP) ved behov for koordinerte og samansette tenester
  • I samråd med brukar vere eit bindeledd i samarbeid med den enkelte sin fastlege, og ev sosialkontor, NAV, sjukehus og DPS.

Kven kan få hjelp frå psykiatrisk sjukepleiar?

Vi gir tilbod til vaksne personar med psykiske vanskar eller lidingar, som treng hjelp i ein kortare periode eller over tid. Henvising kjem frå fastlege, eit av dei distriktspsykiatriske sentra (DPS), sjukehus eller andre instansar. Brukar er også velkomen til å sjølv ta direkte kontakt med tenesta.
 

Kvar finn du oss?

Kontoret vårt er lokalisert i Storgata 19 i Brattvåg (i Rådhuset, inngang via servicetorget).

Pris

Tenesta er gratis

Kontaktinformasjon

Psykiatrisk sjukepleiar Telefon Mobil
Anita Øren 70 20 76 58 90 61 06 19
Heidi A. Steinsbu 70 20 76 73 95 17 56 24
Kjellaug Nedrebø 70 20 76 55 91 84 34 27
Elisabeth Bjørdal Leine 70 20 74 61 99 47 01 03
Inger Johanne Sollie Hagen    90 58 83 81
Sist endra 22.09.2016

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post

Anita Øren

Fagansvarleg Psykiatrisk sjukepleiar
Telefon : 70 20 76 58
E-post : Send e-post