Rustenesta

Rustenesta skal gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak, tilby hjelp til å kome bort frå avhengigheit til alkohol og andre rusmiddel. Rustenesta skal òg gje råd og rettleiing til pårørande av personar som slit med avhengigheit til rusmiddel eller står i fare for skade og avhengigheit.

 

Korleis få hjelp?

Pårørande og den som sjølv slit med eit problemfylt forhold til rusmiddel, kan ta direkte kontakt med ruskonsulent. Ein kan òg bli henvist frå lege, spesialisthelseteneste, NAV eller andre instansar.
 

Kva kan eg få hjelp til?

Rustenesta kan tilby ulike hjelpetiltak:

  • Kartlegging av hjelpebehov og individuelt tilpassa oppfølgingstiltak 
  •  Henvisning til rusbehandling i spesialisthelsetenesta
  •  Samarbeid med andre instansar, lege, pårørande, spesialisthelsetenesta osv
  •  Oppfølging i forhold til arbeid/aktivitet 
  •  Tilbod om lavterskel arbeidstilbod «Ut på garden» 
  •  Samtalar
  •  Økonomisk rettleiing 
  •  Lavterskelbustad/naudbustad
  • Gje tilbod om ansvarsgruppe og individuell plan (IP) ved behov for koordinerte og samansette  tenester
  •  I samråd med brukar vere eit bindeledd i samarbeid med den enkelte sin fastlege, og ev  sosialkontor, NAV, sjukehus og DPS.
Hjelpa blir tilpassa den einskilde ut frå ei fagleg vurdering, og det vert fatta individuelle vedtak på tenesta.
 

Tenesta er gratis.

 

Sist endra 03.11.2016

Kontaktpersonar

Tove Sønderland

Ruskonsulent
Telefon : 70207638/97501329
E-post : Send e-post