Borgarleg vigsel i Haram

borgarleg viglse 2.jpeg - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar 2018 tok kommunane over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Norge. Under kan du lese meir om tilbodet i Haram kommune.

Stortinget vedtok i juni i år endringar i ekteskapsloven som inneber at ansvar for gjennomføring av borgarlege vigslar blir overført frå domstolene til kommunene.

Lovendringa tredde i kraft 1. januar 2018. Frå denne datoen har følgjande personar mynde til å vigsle brudepar i Haram:
  • Ordførar Vebjørn Krogsæter
  • Varaordførar Randi W. Frisvoll
  • Rådmann Turid Hanken
  • Einingsleiar Kristin M. Korsnes 

Kven kan gifte seg i kommunen?

Alle som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. ekteskapsloven §12 a, kan gifte seg borgarleg i Haram kommune.
Dersom ein av eller begge partane har bustadadresse i Haram eller er busett i utlandet vil vigselstilbodet vere gratis. For andre, sjå avsnitt om pris lengre nede i artikkelen.

Vilkår for vigsel

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal byte namn

Sjå Skatteetaten: Vegen til ekteskapet - steg for steg

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Original attest skal sendast eller leverast til Haram kommune seinast 14 dagar før vigselen.

De kan sende prøvingsattesten til:
Haram kommune, Servicetorget
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg

Den kan også leverast direkte til servicetorget på rådhuset.

Attesten er gyldig i fire månader og må også vere gyldig når vigsla skal skje.

Tid og stad for vigsel

Vi tilbyr vigslar i høveleg lokale i Ingebrigt Davik-huset alle kvardagar i kontortida (08.00 - 16.00).
Det vil også vere mogleg med andre tidspunkt og stadar for vigsel. Dette må imidlertid avtalast spesielt og vil medføre ein kostnad.
 
For å bestille tid for vigsel kan de ta kontakt med oss telefon 70 20 75 00 eller på 
postmottak@haram.kommune.no, seinast 4 veker før ønskt bryllupsdato.
 

Korleis blir seremonien?

Brudepar, forlovarar og gjestar må møte opp 10-15 minutt før avtalt tid for vigsel.
Paret må vise gyldig legitimasjon som pass, førarkort eller bankkort med bilde. Legitimasjon og namn på prøvingsattest må stemme overeins.
 
Det skal vere to vitne til stades under seremonien, desse må også vise legitimasjon. Vitna er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar. Dersom de ønskjer at kommunen skal stille med vitne må dette avtalast på førehand. For vigslar som skjer utanom normalarbeidstid og/eller på annan stad i kommunen kan ikkje kommunen stille med vitne. 
 
Om ein av dykk er framandspråkleg må de på førehand avtale om seremonien  skal skje på norsk eller engelsk. For andre språk må de sjølve syte for kvalifisert tolk.
 
I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp.
Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst, musikk og pynt ut over dette, men dette må brudeparet sjølv syte for. 
 
Kommunen sitt lokale til vigslar rommar ca 20 personar. Vi ordnar med det praktiske, som oppsett av bord og stolar,  og blomar og lys til seremonibordet.
 
Det er avsett opptil 30 minutt til vigselsseremonien.

Vigselsattest

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Pris 

  • Tilbodet er gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Noreg, dersom vigselen skjer innanfor normalarbeidstid og i lokale som er fastsett av kommunen. Det er nok at den eine av partane har bustadadresse i Haram.
     
  • For brudepar frå andre kommunar og vigslingar utanfor normalarbeidstid (kveld og helg) i kommunen sitt fastsette lokale: kr 1500,-
     
  • For alle vigslar som er både utanfor normalarbeidstid og/eller på ein annan stad i kommunen enn i det fastsette lokalet: kr 2500,-
 
Ta gjerne kontakt med oss dersom de har spørsmål rundt vigselstilbodet til Haram kommune!
Sist endra 29.10.2018

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post