Telefonvarsling til innbyggjarane

Når viktig informasjon må ut raskt, vil Haram kommune sende deg eit varsel på telefon. 

Det kan til dømes vere:

  • ved evakuering
  • når du må koke vatnet
  • vassbrot

Sjekk at du blir varsla

Alle bør kontrollere at dei blir varsla. Dette gjel både privatpersonar og bedrifter

Trykk her får å sjekke om du blir varsla

Tast inn Haram og ditt telefonnummer. Du vil da motta ein PIN-kode via SMS for å endre opplysningane. Her kan di og registrere deg på ei adresse som du ikkje er folkeregistrert på. Dette kan til dømes vere nyttig for fritidsbustader, studentbustadar o.l 

Mobil og fasttelefon

Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som kun er registrert med fasttelefon.

Korleis finn kommunen telefonnummeret mitt?

Telefonregisteret som blir brukt er ei samanstilling av informasjon frå folkeregisteret og informasjon frå teleopperatørane. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressebasen og vil ikkje motta varsling 

Hemmeleg nummer

Adresseregisterer fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer. Har du hemmeleg nummer, og ønskjer varsling, kan du trygt registrerre deg. Registeret er hemmeleg for alle andre.

Bedrifter

Det er viktig at bedrifter sjekker at dei er registert med kontaktperson og telefonnummer

Sist endra 19.09.2016

Kontaktpersonar

Nils Kristen Skaar

Brannmeister
Telefon : 70207612/91512224
E-post : Send e-post