Kriseleiinga i Haram kommune

 
1. Varsling via e-post

Kriseleiinga i Haram kommune har ikkje 24-timars vaktberedskap. Beredskapsvarsel til Haram kommune bør gå som e-post til beredskap@haram.kommune.no. E-post til denne adressa blir automatisk vidaresendt til beredskapsmedarbeidarane sine mobiltelefonar.

E-postmeldingar som ikkje hastar, skal sendast til Haram kommune sitt postmottak: postmottak@haram.kommune.no.


2. Varsling via telefon

Telefonar som ikkje hastar, skal i kontortida (yrkedagar 08:00 – 15:00) gå til sentralbordet 70 20 75 00.

Bruk varslingslista under dersom du i samanheng med krise- og beredskapssituasjonar har behov for å kome i kontakt med kriseleiinga utanfor kontortida. Begynn øvst på lista under.

Nr Stilling Namn Telefon 1 Telefon 2 E-post
1 Ordførar Krogsæter, Vebjørn 907 41 899 70 20 75 33 send e-post
2 Rådmann Hanken, Turid 950 26 086 70 20 75 30 send e-post
3 Leiar stab/støtte Langnes, Per 951 80 838 70 20 76 11 send e-post
4 Varaordførar Frisvoll, Randi 950 67 335   send e-post
 
 
Anna viktig kontaktinformasjon
Sentralbord 70 20 75 00
Telefax 70 20 75 01
Postmottak postmottak@haram.kommune.no
Satellittelefon - kriseleiing +870 776 314 446
Merk: satellittelefonen blir berre teken i bruk når anna telefonsamband er brote
Beredskapskoordinator 70 20 75 31 / 41 66 66 31

 

Kva er kriseleiinga i Haram kommune?

I utgangspunktet skal den uønska hendinga eller krise løysast av kommunens daglege organisasjon og leiing der hendinga skjer. Når situasjonen ikkje kan løysast av kommunen sin daglege organisasjon kan ordørar eller rådmann beslutte at kriseleiing skal etablerast.

Kva er kriseleiinga si rolle?

Kriseleiinga si oppgåve er å koordinere, samordne og leie dei kommunale tiltaka når ei uønska hending eller krise oppstår.

Det er politiet som har det operative ansvaret ved større ulykker. Lokal redningssentral (LRS) blir etablert av politimeistaren når ei akutt hending krev samordning av innsatsressursar. Når LRS blir etablert, overtek politimeistaren ansvaret for krisehandteringa. Haram kommune blir du ressursleverandør med tanke på LRS sine behov. 

 

Kontaktpersonar

Vidar Tolås

Beredskapskontakt
Telefon : 70 20 75 31
E-post : Send e-post