Innsyn og klagerett

Innsynsrett

Du har som hovudregel innsynsrett i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som vedkjem deg.

>>>  Sjå innsynsrett i offentlege dokument

Klagerett

Enkeltvedtak kan som hovudregel alltid bli påklagd av den som vedtaket gjeld og av alle som er part i saka.

Klagefrist

Klagefrist er tre veker frå det tidspunktete du fekk melding om vedtaket, ein eventuell klage må vere postlagd eller innlevert før fristen for klage er ute.
 
Klage på kommunale vedtak bør innehalde:
  • Kva vedtak eller teneste det vert klaga på
  • Kva det vert klaga på
  • Grunngjeving og eventuelt nye opplysningar som kan påverke avgjerda
Klage sendast til den eininga som handsama saka. Dersom du har vanskar med å skrive klaga sjølv eller treng råd og rettleiing kan du kontakte sakshandsamar.  
 
Klagar kan også ta kontakt med advokat etter Retthjelpslova.
 
Sist endra 03.10.2016

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post