Kulturprisane i Haram kommune

Haram kommune har 2 prisar som kan bli delt ut kvart år. Dette er:
  • Ungdommens Kulturpris i Haram
  • Kulturprisen i Haram

Føremålet med prisane er å hjelpe fram kulturarbeidet i Haram kommune. Prisane kan bli delt ut innan heile kulturområdet. 

 
Ungdommens Kulturpris i Haram (kr 5 000,-)
Kulturprisen i Haram kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar heimehøyrande i kommunen. Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.
 
Målgruppa for Ungdommens kulturpris i Haram er ungdom i alderen 15 til 25 år- Lag og organisasjonar som arbeider for og med barn kan og tildelast prisen. Ein ynskjer å fremje kulturaktivitet, og gi merksemd til aktiv ungdom i Haram
 
Kulturprisen i Haram (kr 15.000,-) 
Kulturprisen i Haram kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar heimehøyrande i kommunen. Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.
 
Kven kan kome med framlegg til kandidatar? 

Enkeltpersonar, lag og foreiningar kan kome med framlegg til kandidatar. Framlegg skal vere skriftlege og med opplysning om kandidat(ane) som blir fremja, og ei grunngjeving for at vedkomande bør få prisen. 


Korleis sende inn forslag til kandidatar?
Trykk her for å sende inn forslag til kandindatar


Frist for innsending 
Framlegg må sendast inn innan 1. november kvart år til Haram kommune

Sist endra 13.10.2016

Kontaktpersonar

Per Langnes

Leiar Stab/støtte
Telefon : 70 20 76 11
E-post : Send e-post