Kulturmidlar - spesielle prosjekt

Kven kan søkje?
Lag, organisasjonar og enkeltpersonar heimehøyrande i Haram kan søkje – anten åleine eller saman med andre. Kulturutvalet kan gjere unntak for tiltak som er retta mot barn og unge i Haram.

 
Kva kan de søkje støtte til?

De kan søkje støtte til spesielle prosjekt som hovudsakleg finn stad i Haram:

  • Prosjekt som ikkje er ein del av laget / organisasjonen sin ”vanlege” aktivitet, t.d.:
    • leiarkurs / instruktørutdanning
    • utviklingsarbeid
    • spesielle større arrangement, konsertar, utstillingar o.l.
       
  • Aktivitetar / tilbod som er av ”nyskapande” karakter, t.d.:
    • aktivitetar, møteplassar, tilbod vi ikkje har / har lite av i Haram frå før som t.d.
    • film- / musikkverkstad
    • fritids- / ungdomsklubb
    • ymse kurs
    • Internettkafé
    • tilbod i ny regi, t.d. samarbeid på tvers av lag / organisasjonar og enkeltpersonar
       
  • at det er på ungdommen sine eigne premissar, dvs. at ungdom:
    • får tillit og blir tatt på alvor
    • har reell medbestemming og er delaktige på dei fleste nivå / i dei fleste ledd, t.d. ved val / utforming av lokale, organisering / utforming av tilbod, drift av aktivitet / tilbod osb.
       
  • at det er eit”lavterskeltilbod”, noko som m.a. inneber at:
    • det er ope for flest mogleg
    • det har appell til begge kjønn
    • det er lett tilgjengeleg
    • det ikkje kostar for mykje å delta

Kor stor støtte kan de få?
Ev. støtte frå kommunen vert gitt anten som underskotsgaranti (ved inntektsbringande arrangement) eller direkte tilskot (ved andre arrangement / prosjekt).

I utgangspunktet er støtta avgrensa oppover til kr 5.000. Utvalet kan – etter nærare vurderingar – gi større støtte til meir omfattande prosjekt for ungdom.

Støtta vert utbetalt etter at prosjektet er fullført og ein har mottatt sluttrapport og underskrive/ revidert rekneskap. Det kan søkjast om dispensasjon.

Midlane er avgrensa og de kan ikkje få støtte meir enn éin gong i året.
 

Søknadsfrist
De kan søkje når de vil, men søknaden må sendast kulturutvalet før prosjektet er gjennomført. Søknad skal sendast på kommunen sine elektroniske søknadsskjema som ein finn på kommunen si heimeside.

Sist endra 01.02.2017

Kontaktpersonar

Per Langnes

Leiar Stab/støtte
Telefon : 70 20 76 11
E-post : Send e-post