Send inn søknad: Kulturmidlar - spesielle prosjekt

 
Kven kan søkje?

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar heimehøyrande i Haram kan søkje – anten åleine eller saman med andre. Kulturutvalet kan gjere unntak for tiltak som er retta mot barn og unge i Haram.

Kulturutvalet vil prioritere prosjekt som er direkte retta mot barn og unge. Ev. unntak skjerberre etter nærare vurderingar.
 

Korleis søkje?
Send søknaden til: postmottak@haram.kommune.no


Kva må søknaden innehalde?
Alle søknadar må informere om:

  • namn, adresse, telefon og ev. e-post på ansvarleg arrangør dersom teknisk arrangør er andre enn ansvarleg arrangør, må dette nemnast. Det same dersom det er andre enn ansvarleg arrangør som skal ha ev. overskot. Søknadar frå enkeltpersonar/ grupper av enkeltpersonar, må oppgi alder på arrangørane
  • målsetjing med arbeidet / bakgrunn for søknaden (kva, kvifor m.m.)
  • målgruppe (t.d. barn / unge, vaksne, eldre) og korleis desse vert trekt med i opplegget
  • tidspunkt og innhald i aktiviteten/ tilbodet (kva skjer, kvar, når, ev. for- / etterarbeid m.m.)
  • oversiktleg budsjett som viser alle forventa inntekter og utgifter (må ikkje vere underskot)
  • konto som ev. støtte kan utbetalast til
 
Søknadar utan desse opplysningane kan ikkje rekne med å bli handsama. Ta kontakt med saksbehandlar dersom noko er uklart.
 

Søknadsfrist
De kan søkje når de vil, men søknaden må sendast kulturutvalet før prosjektet er gjennomført. 

 
Vedtak
Vedtak om tildeling vert fatta av kulturutvalet. Utvalet avgjer søknadane på grunnlag av retningslinjene og eige skjøn. Ev. avslag skal grunngjevast. Ev. klage må sendast kulturutvalet seinast 3 veker etter mottatt melding om vedtak.
 
Tilskotsmottakarar vert oppmoda om å  opplyse at dei har fått støtte frå Haram kommune. Dette kan skje på billettar, plakatar, program, utgjevnadar osb.
 
Vilkår
  • Kommunen si ordning med følgjekort må aksepterast.
  • Det omsøkte prosjektet må ikkje vere I strid med kommunen si haldning til å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, nedsatt funksjonsevne,  etnisitet, religion m.v.
  • Det omsøkte prosjektet må vere i tråd med kommunen sin alkoholpolitiske handlingsplan.
  • Det omsøkte prosjketet skal ikkje primært ivareta eigne  yrkesmessige og/eller økonomiske interesser.
  • Lag/organisasjonar som søkjer om støtte må ha ei demokratisk oppbygging og drift.
 
Ramme
Midlane er avgrensa. Inntil 50 % av tilskotspotten vert tildelt i første halvår – resten i andre.
 
 
Sist endra 01.02.2017

Kontaktpersonar

Per Langnes

Leiar Stab/støtte
Telefon : 70 20 76 11
E-post : Send e-post