Ordinære kulturmidlar - kultur, idrett og korps

Dei ordinære kulturmidlane er delt i tre kategoriar, og lag/organisasjonar som driv kulturaktivitetar innanfor kategoriane vil vere målgruppe for midlane. Dei tre kategoriane er:
  • Song og musikk
  • Idrett og fysisk aktivitet
  • Frie lag og organisasjonar

Aktivitetane må vere retta inn mot barn og unge.

Kven kan søkje
Lag og organisasjonar heimehøyrande i Haram kommune kan søkje om ordinære kulturmidlar. Laget/organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret i Brønnøysundregistrene. Som hovudregel kan berre hovudlaget og ikkje undergrupper i laget/organisasjonen søkje.
 
Søknadsfrist
Søknadsfristen for søknad om ordinære kulturmidlar vert sett til 15. april kvart år. For seint innkomne søknadar får ikkje tildelt kulturmidlar.
 
Kva må søknaden innehalde
Søknaden må innehalde informasjon om aktiviteten i laget. Årsmelding, rekneskap og medlemslister (ikkje støttemedlemmer) skal leggjast ved. Fordeling av medlemmer på ulike aldersgrupper går fram av søknadsskjemaet og må fyllast ut.
 
Vilkår for å få tildelt kulturmidlar
  • Aktivitetane i laget/organisasjonen skal bidra til å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, nedsatt funksjonsevne,  etnisitet, religion m.v.
  • Aktivitetane i laget/organisasjonen skal vere i tråd med den alkoholpolitiske handlingsplanen for kommunen.
  • Laget/organisasjonen skal akseptere kommunen si ordning med følgjekort.
  • Laget/organisasjonen skal ikkje primært ivareta medlemmane sine yrkesmessige og/eller økonomiske interesser.
  • Laget/organisasjonen skal ha ei demokratisk oppbygging og drift.
  • Tildelte midlar skal bidra til å fremje aktiviteten i laget/organisasjonen.
     
Innstilling til fordeling
Haram Idrettsråd innstiller til fordeling av midlane til idrett og fysisk aktivitet.
 
Tildeling av midlane
Mynde til tildeling av midlane vert delegert frå kommunestyret gjennom kommunen sitt delegasjonsreglement. Kulturutvalet har dette myndet fram til kommunestyret eventuelt vedtek endringar. Fordeling av midlane vert gjort på grunnlag av desse retningslinjene og eige skjøn.
 

Korleis søkje?
Du skal nytte elektronisk søknadsskjema som du finn øvst i artikkelen. Den som sender inn søknaden på vegne av lag og organisasjon skal nytte personleg pålogging i ID-porten.

Haram kommune er med på den interkommunale ordninga med følgjekort / ledsagerbevis. 
For å kunne motta kulturmidlar er det ein føresetnad at de aksepterer denne ordninga.
 
Sist endra 01.02.2017

Kontaktpersonar

Vidar Tolås

Beredskapskontakt
Telefon : 70 20 75 31
E-post : Send e-post