Bygging av landbruksveg (skogbruk- og jordbruksvegar)

Skal du bygge ny landbruksveg eller bygge om ein eksisterande, må du søkje om løyve frå kommunen.

Korleis søkje?

>>> Søknadsskjema bygge/endre veg - Landbruksdirektoratet

Du må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina og eventuelle massetak.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den handsamast som byggesak etter Plan- og bygningslova.
 
Skogbruksvegar kan få tilskot. Søknad om tilskot blir handsama og eventuelt innvilga av Fylkesmannen. Søknad skal sendast til kommunen for vurdering, og vi videresender denne til Fylkesmannen
 
 
Forskrift om bygging av landbruksveier. Føremålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Det skal leggast vekt på miljøverdiar knytt til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, samt andre interesser som blir råka av vegbygginga.
 
Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.
Sist endra 30.08.2016