Nærings- og miljøtiltak i skogbruket

I kommunen vil desse midlane i hovudsak gjelde tilskot til skogkultur.

Døme på tiltak som du kan få tilskot til:
  • Plantekjøp og planting
  • Avstandregulering
  • Rydding/ fristilling av ynskt treslag

Tilskotssatsen vil vere i intervallet 50 - 70 % av kostnaden. Kommunen får avgrensa midlar å bruke til skogkultur. Om du har planar om å utføre skogkulturarbeid i skogen din, er det er difor viktig å ta kontakt med kommunen på førehand.

Tilskot kan som hovudregel gjevast til alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog. Kommunen kan setje vilkår for utbetaling av tilskot til det einskilde tiltak.
 
Tilskot skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.
 

Korleis søkje?

  • Send skjema til:
    Haram kommune
    Storgata 19
    6270 Brattvåg
    E-post: postmottak@haram.kommune.no
 
Sist endra 02.09.2016

Kontaktpersonar

John-Ole Aarsæther

Landbruksrådgjevar
Telefon : 70207634/97759665
E-post : Send e-post