Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

SMIL er miljøtiltaksordningar som inneheld kulturlandskap, freda- og verneverdige bygg, forureining og planleggingsprosjekt.

Føremålet med ordningane er er å fremje natur- og kulturminneverdiar i landbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket. Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av ordinær landbruksdrift.

Kven kan søkje om SMIL-tilskot?

Tilskot kan løyvast til landbrukseigedommar og lag/organisasjonar som skal gjennomføre tiltak på ein landbrukseigendom.

Korleis søkje?

Det skal nyttast søknadsskjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet.

Som vedlegg til skjemaet skal det vere ein omtale av prosjektet, kartutsnitt og kostnadsoverslag.
Dersom prosjektet gjeld eit verneverdig bygg skal det vere med ei planteikning.

Gå til Landbruksdirektoratet sitt søknadsskjema

Søknadsskjemaet kan fyllast ut elektronisk men må sendast til Haram kommune enten per post eller e-post.
 
Søknadsfrist
Hovud-søknadsfristen er 31. mars.
Eventuelle løyvde midlar etter denne fristen vert fortløpande fordelt på søknadar som kjem inn utover året.

 
Det er kommunen som har vedtaksmynde.
 
 
Sist endra 29.09.2016

Kontaktpersonar

Kårstein Haram

Landbruksrådgjevar
Telefon : 70207632/99311234
E-post : Send e-post