Haram næringsfond

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Haram kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Prosjekt som fremjer entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet. Etableringar som har forretningsadresse i kommunen (i samsvar med firmaopplysningar i Brønnøysund), som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar, vert spesielt prioriterte.

Kven kan søkje næringsfondet?

Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak (direkte støtte til bedrifter) og til generelle tilretteleggande tiltak i regi av kommunen og organisasjonar i lokalsamfunnet. Mål og prioriteringar i næringsplanen til Haram kommune vil bli lagt til grunn for vurderingane av kven som får støtte.

Kva kan du søkje om?

Tilretteleggande tiltak: 
Må vere eit tidsavgrensa tiltak. Næringsfondet kan gi støtte på inntil 50 % av totalt kapitalbehov.
 
Bedriftsretta støtte: 

Berre prosjekt med totalt kapitalbehov under kr 300.000 kan få støtte frå næringsfondet basert på gjeldande retningsliner

 

Les meir om retningslinjer for bedriftsretta støtte

Døme på kva bedrifter kan søkje støtte til:
  • Nyetablering/bedriftsutvikling
  • Investeringar i maskiner og utstyr
  • Produktutvikling
  • Marknadsføring
  • Kompetanseheving i bedrifta

Korleis søkje næringsfondet?

Alle typar søknadar til næringsfondet skal registrerast på www.regionalforvaltning.no

Følgjande tilleggsinformasjon er også påkrevd:

  • Tilretteleggande tiltak:
    Søkjar må levere skriftleg søknad med ein god prosjektomtale og realistisk budsjett.
     
  • Bedriftsretta tiltak - nyetabliering:
    Søkjar må levere skriftleg søknad med vedlagt forretningsplan
     
  • Bedriftsretta tiltak - vidareutvikling av eksisterande verksemd:
    For støtte til vidareutvikling av eksisterande verksemd gjeld i utgangspunktet same retningslinjer som for støtte til nyetablering, men sakshandsamar kan vise skjøn i høve til kva som er naudsynt prosedyre og bakgrunnsinformasjon for ein søknad frå ei eksisterande verksemd.

Søknadsfrist og tildeling

Søknadar vert behandla etter kvart som dei kjem inn. For tildeling av midlar gjeld følgjande datoar:

  • 31. januar
  • 30. april
  • 31. august
  • 30. november

Ta gjerne kontakt med næringsrådgivar ved spørsmål.

 
 
Sist endra 30.08.2016

Kontaktpersonar

Inger Synnøve Remme

Næringsrådgivar
Telefon : 994 24 139
E-post : Send e-post