Ambulerande skjenkeløyve

Du kan søkje om ambulerande skjenkeløyve om du ønskjer å servere alkoholhaldig drikk mot betaling i eit slutta selskap.
 
Du treng ikkje ambulerande skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkoholhaldig drikk eller du serverer alkohol utan betaling.
Ambulerande skjenkeløyve
  • Gjeld slutta lag, det vil seie at ein på førehand veit kven som skal vere med på arrangementet, eksempelvis bryllaup, bursdagsfestar, jubileum  og liknande
  • Slutta selskap betyr at det allereie, og før skjenkinga tek til, er danna ein slutta krets av personar som er samla for eitt bestemt føremål i eitt bestemt lokale. Kretsen av personar må ikkje vere open for utanforståande. Det er ikkje nok at ein før skjenkinga tek til skriv seg på ei liste eller kjøper billettar
  • Ein person må vere ansvarleg for skjenkinga
  • Søknaden må innehalde stad for arrangementet, kva som skal skjenkast og ønskt skjenketid

Gebyr: 
Eit gebyr på kr 250,- vert krevd inn i ettertid

Korleis søkje? >>> Trykk her for å sende inn søknad
 
Skjenkeløyve for eit einkelt høve
  • Skjenkeløyve for eit enkelt høve gjeld einskildarrangement som er opne for publikum.
  • Løyvet må vere knytt til ”en bestemt begivenhet” og gjelde eit særskild arrangement. Eksempel på arrangement: konsertar, festivalar , ulike bygdearrangement m.m.   
  • Dette gjeld og om det er påmelding til arrangementet, så lenge det er ope for alle å melde seg på.
  • Kommunen vil i slike saker innhente uttale frå lensmannen og sosialtenesta.

Gebyr

  0 - 100 gjestar:  kr 1 000,-
101 - 200 gjestar: kr 2 000,-
201 - 300 gjestar: kr 3 000,-
over  300 gjestar: kr 4 000
 
Korleis søkje? >>> Trykk her for å sende inn søknad

 

Sist endra 10.01.2017

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post