Kunnskapsprøve for sals- og skjenkeløyve

Det er to typar kunnskapsprøve: Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på serveringsstad. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for sals- og skjenkeløyve i kommunen må du ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova.
 

Slik går du fram for å ta prøvene

Når du ynskjer å ta prøva kontaktar du Servicetorget eit par dagar før, og får gjort avtale om tidspunkt.

Telefon: 70 20 75 00 
E-post: servicetorget@haram.kommune.no
 

Pris:

Det kostar kr 400,- pr. forsøk å avlegga kunnskapsprøva.
Gebyret skal vere betalt inn på kontonr: 4002.46.41826 før du kan ta prøva.

Ta med ved oppmøte

>>> kvittering for innbetalt gebyr - utskrift fra nettbank er ok
>>> gyldig legitimasjon

 
Pensum skjenkeløyve Pensum salsløyve

Slik foregår prøva

Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve med eit tilfeldig uttrekk av spørsmål frå ein database. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 24 av 30  svar vere riktig.

Læremiddel


>>> Du kan også låne lærehefte i servicetorget
 
Sist endra 04.11.2016

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post