Omsetningsoppgåve og bevillingsgebyr

 Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må kvart år betale eit bevillingsgebyr til kommunen. Storleiken på gebyret avheng av kor mykje alkohol som vert selt. Opplysningar om alkoholsalet sendast til Økonomiavdelinga i omsetningsoppgåva. Fristen for å levere omsetningsoppgåva er 1. mars kvart år. 

Korleis levere omsetningsoppgåva?

Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn eitt skjema for kvart enkelt sals- eller skjenkestad. Skjemaet fyllast ut av styreleiar eller dagleg leiar i selskapet. Personar med fullmakt kan også sende inn skjemaet.
 
 


Kor stort vert bevillingsgebyret?

Storleiken på bevillingsgebyret avheng av kor mykje alkohol staden selte året før, og kor mykje staden forventar å selje dette året. Bevillingsgebyret utgjer pr. år minimum kr 1540 for daglegvarehandel og minimum kr 4800 for skjenkestadar.

>>> Satsar for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta.
 

Faktura

Faktura for bevillingsgebyret vert sendt ut når omsetningsoppgåva er mottatt og funne i orden. Økonomiavdelinga gjer også etterberekning og etteroppgjer. Bevillingshavarar med høgare omsetning enn forventa får ei tilleggsfaktura, og bevillingshavarar med lågare omsetning enn forventa får tilbakebetalt delar av gebyret. Viss omsetningsoppgåva manglar ved avvikling av sals- eller skjenkebevillinga, gjer Økonomiavdelinga ei skjønnsmessig berekning av bevillingsgebyret.

 

Kva skjer hvis du ikkje leverer oppgåva eller ikkje betaler gebyret?

Då mister du retten til å selje eller skjenke alkohol. Bevillinga vert inndratt i minimum to veker, eller heilt til omsetningsoppgåva er levert og bevillingsgebyret er betalt.

Sist endra 15.11.2016

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post