Salsløyve

Løyve for sal av alkoholhaldig drikk gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode. Salsløyve gjeld for sal av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7% alkohol.
 
Alle salsstader må søkje på nytt kvart 4. år. Salsløyve for denne perioden gjeld fram til 30. juni 2016.

  

Korleis få salsløyve?

Salsløyvet vert gitt til den personen eller verksemda som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova, vere over 20 år, arbeide i den aktuelle verksemda og elles oppfylle krava til vandel i alkohollova.
 

Om søknaden

I søknaden må du mellom anna gje opplysningar om staden, eigartilhøve og namn på styrar og avløysar for løyvet. 
 
Desse vedlegga må følgje med søknad om salsløyve:
  • Firmaattest
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Adkomstdokument (leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om).
  • Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert.
  • Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova.
  • Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknyting til serveringsstaden.

Endringar i løyveperioden

Dersom det skjer endringar i drifta i løpet av dei fire åra salsløyvet gjeld, til dømes skifte av styrar og avløysar eller endring i eigartilhøva, krev vi ofte ny godkjenning eller nytt løyve. Dersom verksemda vert overdratt til andre, fell salsløyvet vekk dersom det ikkje blir søkt om endring/nytt løyve innan 30 dagar etter overtaking.

Kva kostar det?

Prisen for eit salsløyve blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. Minstegebyret er 1380,- per år.

Sist endra 04.11.2016

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post