Skjenkeløyve

Dersom du driv ein serveringsstad med serveringsløyve, og ynskjer å servere alkoholhaldig drikke, må du søkje om skjenkeløyve. Vanlegvis gjeld skjenkeløyve for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.
 
Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming.
 

Skjenkeløyvet kan gjelde:

  • Drikke med alkoholinnhald over 2,5 % og maksimalt 4,7 %
  • Drikke med alkoholinnhald på maksimalt 22 %
  • All alkoholhaldig drikke

Korleis få skjenkeløyve?

For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova, vere over 20 år, arbeide i den aktuelle verksemda og elles oppfylle krava til vandel i alkohollova og serveringslova.
 
Alle som vil bli godkjent som dagleg leiar/styrar ved stader som har eller skal søkje om skjenke- og serveringsløyve, må ha avlagt og bestått etablerarprøva.
 
Desse vedlegga må følgje med søknaden om skjenkeløyve:
  • Firmaattest
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Adkomstdokument (leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om).
  • Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert.
  • Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova.
  • Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknyting til serveringsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsstyresmakter, t.d. 

Kva kostar det?

  • Alle som har eit sals- og/eller skjenkeløyve må betala eit årleg gebyr til kommunen, jf. alkohollova § 7-1.  
  • Prisen/gebyret for sals- og skjenkeløyvet blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. 
  • Minstegebyret for eit salsløyve er sett til kr 1380 per år. Minstegebyret for eit skjenkeløyve er kr 4100 per år
Sist endra 04.11.2016

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post