Søknad om fri frå skulen utanom skuleferie

Det er viktig at elevane er til stades i skuletida. Det kan vere vanskeleg å ta att det tapte etter eit lengre fråvær. Skuleåret har 190 skuledagar og 175 fri- og feriedagar. Haram kommune vil oppmode føresette og elevar til å legge lengre reiser til desse friperiodane.

Elevpermisjon inntil to veker (10 skuledagar)

Dersom det er fagleg forsvarleg, kan rektor gje eleven permisjon frå den pliktige undervisninga inntil 10 skuledagar.
 
Ein føresetnad for å gje permisjon er at foreldra syter for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje den vanlege undervisninga etter at permisjonen er over. 
 
Søknadsfrist er normalt 4 veker før første planlagte fridag, om ikkje anna er avtalt med skulen.
 
 
For meir informasjon og spørsmål
>>> Kontakt gjeldande skule
Sist endra 08.11.2016