Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er ei kommunal eller fylkeskommunal rådgivande teneste. Ho skal hjelpe barn, ungdom og vaksne som strevar i utviklinga si, eller som har ein vanskeleg opplæringssituasjon.

PP-tenesta skal mellom anna gi barnehagar og skular råd og rettleiing om å tilretteleggje for barn/elevar som treng det, og bistå skular for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særskilde behov.

PP-tenesta har teieplikt.

Kva gjer PP-tenesta?

PP-tenesta greier ut og gir råd og rettleiing om barn, unge og vaksne som har utfordringar knytte til

  • språk- og talevanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syns- og hørselsvanskar

Korleis kan du kontakte PP-tenesta?

Før du tek kontakt med PP-tenesta, bør du snakke med helsestasjonen/barnehagen/skulen om bekymring for barnet ditt. Elevar over 15 år kan også ta kontakt med PP-tenesta. Tenesta kan også bistå vaksne som ønskjer å ta grunnskuleopplæring.

Både individ og institusjonar (barnehagen, skulen og andre) kan anonymt kontakte og søkje råd hos PP-tenesta.

Tilvising skjer vanlegvis ved å bruke eit tilvisingskjema, ta kontakt med barnehagen / skulen for å få hjelp til å fylle ut dette.

 

 

Tenesta er gratis

Sist endra 17.09.2018

Kontaktpersonar

Lillian Ulvestad

Fagansvarleg for barnehage
Telefon : 70 20 74 65
E-post : Send e-post

Julie Aarseth

Fagansvarleg for barneskule
Telefon : 70 20 76 07
E-post : Send e-post

Knut Ståle Tenfjord

Fagansvarleg for ungdomsskule og vidaregåande
Telefon : 70 20 74 63
E-post : Send e-post