Eksamensretta grunnskuleopplæring for vaksne

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang og lengde for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.

Fag du kan få undervisning i

  • norsk
  • matematikk
  • engelsk
  • samfunnsfag
  • naturfag
Du kan sjølv bestemme kor mange fag du vil ta, og kunnskapane og ferdigheitene dine i faga bestemmer kor lang opplæringstid du treng. Som elev får du terminkarakter i faga, og du kan ta eksamen etter eitt, to eller tre år.
 
Fleirspråklege søkjarar må ha gyldig opphaldsløyve og ha gjennomført den første norskopplærigna for å få plass.
 

Korleis søkje?

For meir informasjon og for å søkje om tenesta kan du kontakte Reidar A. Jørgensen, rågjevar ved skulekontoret i Haram.

Sist endra 19.09.2016

Kontaktpersonar

Reidar Jørgensen

Rådgjevar Grunnskuletenester
Telefon : 70 20 75 44
E-post : Send e-post