Brøyting - Kommunal veg

Vegnettet i Haram kommune består av fylkesvegar, kommunale vegar og private vegar. Det er ulike ansvarsforhold når det gjeld brøyting av desse.

 

Meld inn behov for brøyting 


Trykk her for å sjå kven som har ansvaret for brøyting

Trykk her for å melde inn behov for brøyting: kommunal veg

Trykk her for å melde inn behov for brøyting: riks- og fylkesveg


Ved større snøfall er som regel alt tilgjengeleg mannskap ute for å halde vegane våre opne. Bruk meldingsskjema slik at meldinga di når mannskapet vårt raskast mogleg.
 

Slik er prioriteringane til Haram kommune:

  1. Naudetatar
  2. Hovudvegar og kryss
  3. Gang- og sykkelvegar / fortau / skuleveg
  4. Skular, barnehagar, sjukeheimar, legekontor osv


Kva forventningar kan du ha?

Brøytemannskapet ønskjer å gjere ein best mogleg jobb, men under vanskelege forhold kan arbeidet ta lang tid. Vegen der du bur er dermed ikkje nødvendigvis ferdig brøyta til morgon/ettermiddag. Det same gjeld om det snør tidleg på morgonen -  då er det ikkje alltid ein rekk å få brøyte ferdig til innbyggjarane skal på jobb og skule.

  • Brøytinga startar når det er 10 centimeter snø på ei rode, og mannskapa held på til dei er i mål etter større snøfall.

  • Ser du at «nabogata» vert brøytt ei god stund før di, kan dette vere fordi den ligg under ei anna rode.

  • Sjølv om du brøyter plass for din bil i gata, har du ikkje hevd på denne.


Korleis kan du hjelpe til?

  • Parkere slik at bilen din ikkje er til hinder for brøytemannskapa. I beste fall vert bilen brøytt inne. I verste fall hindrar bilen at heile gata blir brøytt, og den kan bli taua bort om den står ekstra vanskeleg til.

  • Ut frå sida på bilen skal det vere tre meter å passere på for brøyteutstyr som brøyter, for brannbil, ambulanse og renovasjonsbil. Det skal også vere plass for brøytekantar.

  • Husk at snuplassar skal vere fri for parkerte bilar.

  • Fjerne vegetasjon på eigen grunn som går utover vegen eller fortauet og som hindrar brøyting. Det skal vere 4,6 meter under greinene på tre, også når det er snø.

  • Hekkar, gjerde og liknande må vere plasserte i tilstrekkjeleg avstand frå vegen og skal vere dimensjonert for å tåle påkjenninga dei kan verte utsette for. Skadar på installasjonar som ikkje tilfredsstiller desse krava, vert ikkje erstatta.

 

Kva er ditt ansvar?

  • Har du avkøyrsle, er det ditt ansvar å fjerne brøytekanten der. Klarer du ikkje dette sjølv, må du få nokon til å hjelpe deg.

  • Plogen/fresen kjem vanlegvis fleire gongar på same strekning. Første gong vert framkomelegheita sikra, andre gong vert det rydda skikkeleg. Vent difor med å måke eiga oppkjørsle til vegen forbi er brøytt ferdig.

  • Huseigarar med fortau må halde dette framkomeleg, dvs. måke og strø.

    Ved fare for takras, snø som is, må området sperrast og taket ryddast snøggast råd.

  • Plassering av gjenstandar langs vegkanten som kan skade utstyr, brøytemannskap eller andre ved påkjørsel er farleg og ulovleg, og du kan risikere erstatningskrav.

  • Private huseigarar kan ha gjort private avtalar, så det kan vere fleire brøytarar i området som ikkje har ansvar for gata di.

 

Sist endra 03.01.2017