Påkjørsel av dyr

>>> Ved påkjørsel av dyr:  ring politiet på tlf. 02800

 
Dersom det er eit dyr frå dyrehald eller storvilt, og det ikkje er mogleg å yte god nok hjelp, skal du varsle eigaren eller politiet snarast.

 

Dyr frå dyrehald og storvilt skal ikkje avlivast dersom det let seg gjere å få tak i eigaren, veterinær eller politiet innan rimeleg tid. Er det klart at dyret ikkje kan leve eller bli friskt, kan den som treff på dyret avlive dette med det same.
 
Dersom dyret har blitt skada, er det viktig at staden der uhellet skjedde vert godt merka, slik at personell frå kommunen lett kan finne plassen.
 
For å hindre unødig liding, er det viktig at kompetent personell kan foreta søk og vurdere om dyret skal avlivast.
 

Funn av døde dyr

Ved funn av døde dyr i eller ved vegbana ring: Vegtrafikksentralen 175

 

 

Sist endra 03.11.2016