Parkeringskort for rørslehemma

Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på: 

  • parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma

  • offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning

Krav til søkjar:

For å søkje om parkeringskort for rørslehemma må du oppfylle følgjande krav:

  • Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar.

  • Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.

Slik søkjer du om parkeringkort for rørslehemma:

Du må fylle ut søknadsskjema og legen din må fylle ut legeerklæring.

Kor lang tid tek det?

Normalt vil Servicetorget sende deg eit svar innan 2 veker. Servicetorget kan òg gje hjelp og rettleiing til utfylling.

Tenesta er gratis

 

 

Sist endra 31.10.2016

Kontaktpersonar

Nina Nordang

Servicetorgmedarbeidar
Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post