Kven kan søkje?
Personar som er varig forflytningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.
Korleis søkje?
Søknadsskjema finn du i lenkja "Send inn søknad" på toppen av denne artikkelen.
Merk at du må leggje ved erklæring frå lege/fysio- eller ergoterapeut. Ferdig utfylt søknad kan sendast til Haram kommune eller leverast direkte til servicetorget.
Klage på avslag
Avgjerd om TT-kort kan påklagast til kommunen. Klaga skal då sendast til den som har fatta vedtaket.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis for dei som får innvilga søknad.
Saldo på TT-kortet
I dei fleste drosjar vil saldo på kortet framkomme direkte ved å trekkje det gjennom drosjane sitt taksameter. Du kan også sjølv kontrollere saldo ved å kontakte TTT Administrasjon AS, det er dei som driftar ordninga på vegne av fylkeskommunen.
Sentralbord: |
35 58 60 40 |
Bemanna 24 timar i døgnet, kvar dag. |
SMS: |
903 67 000 |
Send: ttkort + ditt brukarnummer |
Internett: |
www.ttkort.no |
Tast inn ditt brukarnummer |
Tap av kort eller skade på kort
Ved tap av eller skade på kort kan du ringe 35 58 60 40. Gammalt kort vil da bli sperra og du vil få tilsendt nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta din brukarkonto.