Brøyting og strøing

Ved store snøfall kan mange ha spørsmål om korleis det vert brøyta i Haram kommune. Her får du vite litt om kva forventningar du kan ha til brøytemannskapet og korleis du best kan hjelpe til sjølv.

 

 
Help oss å hjelpe

Ved større snøfall er som regel alt tilgjengeleg mannskap ute for å halde vegane våre opne. Bruk derfor meldingsskjemaet over slik at meldinga di når mannskpet vårt raskast mogleg.

Slik er prioriteringane til Haram kommune:

  1. Naudetatar
  2. Hovudvegar og kryss
  3. Gang- og sykkelvegar / fortau / skuleveg
  4. Skular, barnehagar, sjukeheimar, legekontor osv

Reglar for brøyting av kommunale vegar og plassar:

  • Dei viktigaste vegar og plassar skal være brøyta/rydda innan kl.07.00 etter snøfall om natta.

  • På søndagar og heilagdagar skal alle vegar og plassar være brøyta innan kl.09.00 etter snøfall om natta.

  • Elles skal alt vere brøyta/rydda så tidleg som mogeleg etter kvart snøfall.

  • Generelt gjeld at det skal brøytast etter snøfall over 10 cm. For øvrig må vegnettet til ei kvar tid vere framkomeleg med bil.

  • Høvling av vegar og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift. 

  • Bortkøyring av snø frå vegkryss og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift.

  • Vegane skal brøytast i full breidd. Det same gjeld for plassar.

  • Rydding av private avkøyringar ved offentleg veg er kommunen uvedkommande. Dette gjeld også parti mellom offentleg og gang/sykkelveg.

  • Kommunen er ansvarleg for å fjerne høvlingskant mot private avkøyringar etter høvling på kommunale vegar og plassar.

 

Sist endra 01.11.2016