Haram kommune søker støttekontakter

Støttekontakt gutt 14 år.jpg - Klikk for stort bilete Støttekontakt er eit tiltak som vert nytta i kommunar i landet overfor fleire brukargrupper med særlege hjelpebehov i forhold til kultur- og fritidsaktivitetar. I Haram er det no behov for fleire som vil ta på seg oppdrag som støttekontakt for både barn, unge vaksne og vaksne.

Kva går rolla som støttekontakt ut på?

Ei støttekontakt hjelper ein annan person gjennom sosialt samvere og ulike aktivitetar.
Ein jobbar med personar som av ulike grunnar har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen. Det kan til dømes vere personar med lite kontaktnettverk rundt seg, personar med funksjonsnedsettingar, eller personar som slit psykisk eller med rusproblem.

Som støttekontakt kan du bidra med positive opplevingar og utvikling, og være ein viktig person i et anna menneske sitt liv. Mange støttekontakter synest oppdraget er givande også for dei sjølve.

Målsetting for og innhald i eit støttekontaktoppdrag

Målsettinga for støttekontakttenesta er å hjelpe den enkelte til å få ei aktiv og meningsfylt fritid. Gjennom samvere og aktivitet kan ei støttekontakt hjelpe tenestemottakaren til å meistre ulike livssituasjonar, få auka  tru på seg sjølv og til å bli kjent med nye menneske og miljø. 
 
Det er viktig å huske at støttekontaktordninga er til for mottakarane av tenesta, og at det er deira ønske og behov som skal vere i fokus. 
Mange tenestemottakarar veit godt kva dei ønskjer å gjere i fritida, og kva dei vil bruke tida saman med støttekontakta til. Andre kan godt trenge nokre tips i blant.
 
Som støttekontakt kan du dra på besøk heim til brukaren, bli med på kafé, gå på tur, kino, idrettsarrangement eller vere med på andre sosiale aktivitetar. Det er den personen du jobbar med som skal betale for deg om de er med på aktivitetar som kostar pengar.
 

Kven kan vere støttekontakt?

Den som skal vere støttekontakt må ha fylt 16 år. Han/ho må være stabil og påliteleg, ha gode samarbeidsevne, respekt for andre menneske, vere trygg på seg sjølv og ha evne til å etablere kontakt. Støttekontakta må også kunne sette grenser. 
 
I oppdrag der ein jobbar med barn, unge eller utviklingshemma, er godt samarbeid med foreldre og andre pårørande ei forutsetning. Evna til å motivere til ulike aktivitetar og deltaking i sosiale arenaer, er også viktig.
 
Som støttekontakt vert du lønna av kommunen og vil motta godtgjersle per time. Kommunen godtgjer også køyring inntil 200 km per månad, samt noko utgiftsdekning mot dokumentasjon. Mange har også følgekort, slik at følgeperson slepp å betale på til eksempel buss, fritidstilbod og arrangement. 
 

Korleis bli støttekontakt?

Dersom du ønskjer å registrere deg som støttekontakt kan du følge lenka under 

Søk om å bli støttekontakt

Treng du meir informasjon om eller har spørsmål om støttekontaktordninga, kontakt oss gjerne. Vi vil svært gjerne høyre frå deg! Kontaktinformasjon finn du oppe til høgre på denne sida.

Sist endra 21.11.2019

Kontaktpersonar

Hege Melkvik

Telefon : 482 37 410
E-post : Send e-post

Laila Grytten

Telefon : 482 13 266
E-post : Send e-post