Offentleg høyring av forslag til kommuneplanen sin arealdel Haram kommune

Lovetanneng ved naustrekkja pa Ulla.jpg - Klikk for stort bilete Gunnar Standal

Fast utval for plansaker godkjende i sak 042/19 den 24.09.2019 at forslag til kommuneplanen sin arealdel for Haram kommune vert lagt ut til 2. høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova §11-14. 

Kommuneplanen sin arealdel fastsett korleis ein skal bruke arealressursane i kommunen når det gjeld utbygging til bustad, næring mm, samt korleis ein skal verne om natur, landskaps,- og kulturverdiar.

Ved 2. offentleg ettersyn vert det ikkje opna for forslag om nye arealbruksendringar som ikkje tidlegare har vore vurdert i arealplanen. 

>>> Her finn du saksdokument

>>> Her finn sakspapir frå planutval

Frist for merknad/innspel til arealplanen er 7.11.2019.

Merknader eller innspel sendast til postmottak@haram.kommune.no, merkt «Innspel til arealplan 2. offentleg ettersyn» eller per post til

Haram kommune
v/ eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning,
Strandgata 40, 6270 Brattvåg

Sist endra 30.09.2019