Omsorgsbustad

Kort beskriving

Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad med tilgong til døgnkontinuerlege tenester.

Bustaden er bebuaren sin heim og hjelp frå heimebasert omsorg vert gitt på same vilkår som for andre heimebuande

Praktiske opplysningar

Haram kommune har følgjande omsorgsbustader:
  • ved Haram kvileheim, 8 stk
  • ved Vatne sjukeheim, 15 stk
  • Haram omsorgssenter, 24 stk

Kven kan få tildelt omsorgsbustad?

Tildeling av omsorgsbustad i Haram kommune er etter behovsvurdering, og du må motta fleire tenester frå heimebasert omsorg for å fylle kriteria.

Korleis søkje?

Pleie - og omsorgstenesta sitt søknadskjema skal brukast. Søknaden skal fyllast ut og sendast per post til Haram kommune.
Det er ingen søknadsfrist, det kan søkjast gjennom heile året. Søknader blir behandla fortløpande. Det vert gjeve skriftleg svar på søknaden i form av vedtak.
 

Fyll ut søknad om omsorgstenester her

Moglegheit til å klage

Dersom du ønskjer å klage på vedtak frå pleie og omsorgstenesta i Haram kommune, er klagefristen 4 veker. Nærare orientering om klage finn du i vedtaket.

 

Pris

Her finn du prisar på pleie- og omsorgstenester i Haram kommune

Sist endra 19.05.2016