Bruksendring

Skal du bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Då må du søkje om bruksendring.

Bruksendring er å ta eit areal eller bygning på eigedomen din i bruk til noko anna enn kva den er godkjent til.
 
Det vert i byggteknisk forskrift (TEK10) sett fleire krav til rom for varig opphald m.a. rømmingsveg, lys og utsyn, romstorleik og romhøgde, ventilasjon, isolering, radonsikring m.m. Du finn meir detaljert omtale i rettleiinga (VTEK10) ved å følgje lenkja under.
 

 

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Den delen du skal endre ligg innanfor din eigen bustad/bueining eller innanfor same branncelle.
  • Du vil bruke bod eller vaskerom som stove, soverom eller liknande. Då endrar du rombruken frå tilleggsdel til hovuddel.
 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Du skal bruke huset eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag. Det gjeld til dømes endring frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
  • Du skal endre på bereveggar eller berande golv.
 

Utleige:

Utleige er ikkje regulert av plan- og bygningslova, men arealet som vert leigd ut må vere godkjent som buareal.

 

Sist endra 03.11.2016