Bustad eller fritidsbustad

Nokon må søke for deg

Viss du skal bygge eller rive ein bustad eller fritidsbustad må du ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg og søkje for deg (ansvarleg søkjar).
 
Di rolle i byggesaka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett, sentral eller lokal godkjenning.
 
Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp firma med sentral godkjenning.
 

Sjølvbyggar

Dersom du ynskjer å bygge din eigen bustad eller fritidsbustad, er det mogleg å søke om godkjenning som sjølvbyggar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggetiltak.
 
For meir informasjon om kven som kan søke om godkjenning som sjølvbyggar sjå forskrift om byggesak til plan- og bygningslova.
Sist endra 26.09.2016

Kontaktpersonar

Camilla Nilsen

Eigedom og teknisk drift
Telefon : 70 20 76 42
E-post : Send e-post

Sindre Sæter

Oppmåling
Telefon : 70 20 76 23
E-post : Send e-post