Fasadeendring

Det kan vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan gjere på din eigedom. Pass på at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.
 
Fasaden på eit bygg er ytterveggar og tak. Fasadeendring kan vere å skifte kledning, fasademateriale eller taktekkingsmateriale, skifte vindauge og dører.

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Du skal skifte, sette inn eller fjerne vindauge eller dør så lenge fasaden ikkje endrar uttrykk.
  • Tiltaket ikkje er i strid med lovmessige krav til lys, rømming eller branntryggleik.
  • Du skal skifte tak, men ver klar over at det kan være søknadspliktig dersom det medfører at takkonstruksjonen vert heva/endra.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Bygningen sin karakter vert endra. Dette er ofte knytt til stilartar.
  • Større fasadeendringar som inngrep i berande konstruksjon.
Om til dømes skifte av vindauge i huset ditt vil medføre eit anna visuelt uttrykk må det vurderast om fasadeendringa er søknadspliktig eller ikkje.
 
Dersom du er i tvil, ta kontakt med kommunen. Det er betre å sjekke, enn å risikere at du gjer noko som er søknadspliktig og som det viser seg ikkje kan godkjennast.
Sist endra 26.09.2016